Hopp til innhaldet
  • Produkt
  • Løysingar
  • Bli testsenter
  • Om oss
Fargetema
NN Språk: Norsk nynorsk
  • NBNorsk bokmål
  • NNNorsk nynorsk
  • ENEnglish
Kontakt oss
Produkt Løysingar Testsenter Om oss Kontakt

Personvern

Personvernerklæring

Norsk Test AS er behandlingsansvarleg for personopplysningar som blir behandla av denne nettstaden.

Personopplysningane som blir henta inn, blir brukte til å administrere, tildele og gjennomføre elektroniske testar og resultat. Vi brukar informasjonskapslar (cookies).

Kva opplysningar blir registrerte

Lista nedanfor inneheld opplysningar vi kan be om (vi hentar ikkje inn opplysningar utover det du gir oss). Kva opplysningar som blir registrerte for ei gitt oppgåve, er avhengig av oppgåva. Vi krev at du oppgir alle opplysningar som er merkte som obligatoriske for å få tilgang til ei teneste.

Namn
Vi registrerer namn for å tilpasse tenesta til deg og for å identifisere deg.
Adresse
Vi treng adressa for å kunne sende deg diplom og kort i posten.
Mobilnummer
Vi brukar mobilnummer for å sende deg kodar som identifiserer deg på nettstaden. Dersom du betaler for ein test med mobilen, lagrar vi mobilnummeret saman med produktet du kjøpte.
E-post
Vi brukar e-post til å sende deg informasjon om tenesta du brukar. Vi vil av og til sende deg informasjon vi trur du vil ha nytte av. Vi vil aldri selje e-posten din til tredjepart.
Fødselsdato
For tenester som er avgrensa etter alder, registrerer vi fødselsdato.
Passfoto
Vi brukar passfoto som ein del av kortproduksjonen for enkelte produkt.
Fødselsnummer
Vi registrerer fødselsnummer berre når det er nødvendig for å identifisere deg eintydig overfor eksterne aktørar (dvs. offentlege register som politiet har tilgang til).

Vi brukar ein ekstern betalingsformidlar og lagrar ikkje kredittkortopplysningar.

Utlevering av opplysningar til tredjepart

Vi overfører data som skal pregast på plastkort, til trykkeriet som utfører denne oppgåva for oss.

I nokre spesielle tilfelle brukar vi eksterne testleverandørar og overfører då informasjon som kan identifisere deg og kva test du skal ta.

Kontaktskjemaet på nettstaden er verna mot automatisert misbruk (spam) med Cloudflare Turnstile. Når du sender inn skjemaet, får Cloudflare IP-adressa di og tekniske opplysningar om nettlesaren for å avgjere om innsendinga kjem frå eit menneske. Turnstile brukar ikkje informasjonskapslar for å spore deg, og opplysningane blir ikkje brukte til profilering, annonsering eller andre føremål. Sjå personvernerklæringa til Cloudflare.

Kontaktinformasjon

Norsk Test er eit norsk firma, og behandlinga vår av personleg informasjon fell inn under norsk lovgiving. Dette gjeld særleg personopplysningslova, som gir deg rett til innsyn i eigne personopplysningar. Du kan krevje å få retta eller sletta mangelfulle eller uriktige opplysningar.

Vi utviklar og driftar kompetanseplattformer for styresmakter, bransjar og bedrifter.

Følg oss på sosiale medium

  • LinkedIn LinkedIn
  • Facebook Facebook

Besøk & Post

Norsk Test AS
Pasvikveien 2
9900 Kirkenes
Noreg

Kontakt

post@norsktest.no
78 97 35 00

Sider

  • Produkt
  • Løysingar
  • Bli testsenter
  • Om oss
© 2026 NORSK TEST AS · ORG. 983 509 487
  • Personvernerklæring
  • Bruk av informasjonskapslar
  • Norsk bokmål
  • English

Norsk Test benytter informasjonskapsler (cookies) slik at vi kan yte vår service (Norsk Test uses cookies). Les mer OK