Slik kjem du i gang
Last ned testsenteravtalen
Vi stiller krav til dykk som testsenter når det gjeld kurslokale, tilgang til datamaskinar og organisasjon. Vel avtalen som passar for dykk, fyll han ut og send han inn.
Avtalane er berre tilgjengelege på bokmål.
-
Last ned PDF
Testsenteravtalen
For utskrift og innsending på papir.
-
Last ned PDF
Elektronisk utfylling
Same avtale med utfyllbare skjemafelt.
-
Last ned PDF
Skoletestsenteravtalen
Eigen avtale for skular og elevane deira.
Søknadsprosessen
Frå søknad til godkjent testsenter
Saksbehandling og godkjenning
- Svartid: Normalt to veker frå søknaden er motteken.
- Svar blir sendt: På e-post til den oppnemnde testleiaren.
- Etter godkjenning: De blir førte opp på nettsidene våre og får tilsendt bruksrettleiingar og dokument.
Krav til testleiar
- Må bestå ein testleiartest om oppgåvene og rolla.
- Vi tilrår å lese bruksrettleiinga før testen blir teken.
- Merk: Testen gir inga sertifisering, berre ein sjekk av nødvendig kunnskap for båtførarprøva.
Vedlegg til søknaden
- Bilete av testlokalet.
- Leige- eller låneavtale (dersom bedrifta ikkje eig lokalet sjølv).
Spørsmål?
Usikker på om dette passar for dykk?
Ta kontakt, så hjelper vi deg å finne ut om det å bli testsenter er rett for verksemda di.
Kontakt oss