Båtførarprøva
På oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet utviklar og driftar vi båtførarprøva og båtførarregisteret.
På oppdrag frå Sjøfartsdirektoratet utviklar og driftar vi båtførarprøva og båtførarregisteret.
Finansnæringens autorisasjonsordninger (FinAut) autoriserer rådgivarar og robotrådgivarar i finansnæringa. Sidan 2008 har vi levert dei digitale løysingane for kompetanseutvikling og sertifisering.
For Norges Fotballforbund leverer vi fotballdommartesten. Testen er ein kritisk del av kvalitetssikringa av norsk fotball på alle nivå.
I samarbeid med politiet har vi digitalisert testen i avgrensa politimynde. Soldatar og befal må bestå han for å gjere teneste langs den 196 km lange grensa mot Russland.
For Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet leverer vi e-læring og den obligatoriske solarieprøva. Slik oppfyller alle solarietilsette i Noreg dei lovpålagde kompetansekrava.
I samarbeid med NHO Logistikk og Transport leverer vi den sertifiserande testen i tollsertifiseringa, som sikrar kompetanse innan logistikk og transport.
For Telia har vi levert ein kompetanseplattform der dei tilsette tek produkttestar tilpassa rolla si. Administrasjonen følgjer alt i eit eige dashbord, med rangeringar og insentiv som motiverer til høg prestasjon.
Vi utviklar og driftar alle datakort-testane, og har bygd ein portal for kjøp av sjølvtestar.
I samarbeid med Isovator leverer vi den sertifiserande testen for F-gassforordninga.
Vi har levert sertifiseringstestane for Sertifiseringsordningen for offentlige anskaffelser på oppdrag frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring.
I samarbeid med NHO Service og Handel leverer vi den sertifiserande testen som dekkjer fagplanen til Kompetansestandard Renhold.
Eit nytt behov?
Har de ei sertifisering, ein test eller ein kompetanseplattform de treng hjelp med? Skriv nokre linjer, så ser vi på det saman.
Vi svarar så fort vi har høve.